Eg syklar i vårsola, ser kvitveisen på marka og grønfargen bryte gjennom i lauvtre, og tenker eit sekund at eg må sende sms til Regine og prise våren. Så slår det meg at det er umulig. Regine kan eg ikkje lenger nå.
Det er snart 43 år sidan vi møttes som norskstudentar i Bø. Vi var begge ihuga feministar, reagerte på det mannsdominerte litteraturpensumet vi skulle lese og starta ei kvinnegruppe som las kvinnelitteratur i tillegg. Frå sidelinja fekk vi høre at dei unge studentane som kom rett frå gymnaset, var redde for at studiemiljøet skulle bli dårlig sidan det var så mange gamle studentar på norskstudiet. Fleire av oss var kring tretti år gamle – litt av ein alder for den som skal lære seg nye ting!
Vennskapet med Regine har betydd mye for meg oppigjennom åra. Regine var trufast, full av omsorg, og ho ville gjerne hjelpe meg der ho meinte eg trong det. Høgdeskrekken min gjorde ho noen forsøk på å kurere, men sta som eg kan vere, kom ho ikkje så langt som ho sikkert ønskte. Eg hugsar ein gong ho ville lokke meg til å gå stadig lenger ut på det eg opplevde som ein fjellskrent, men eg sette meg på bakbeina: Hit, men ikkje lenger. Da eg seinare fekk sjå det skumle fjellet frå ein annan synsvinkel, såg eg at eg ikkje nett hadde svevd i livsfare om eg hadde tatt eit steg eller ti framover, slik Regine ville.
Regine var gjestmild som få, og ho tok vel imot både meg og dei to eldste barnebarna mine på hytta si og på fjellturar. Vi to fekk også noen fine turar langs kysten i Horten. Det hende vi hadde med oss ferske reker og ei flaske kvitvin, og da tok det ein heil dag og noen seine kveldstimar å gå frå ferjekaia i Horten og til Åsgårdstrand og attende. Ikkje minst fordi vi på heimvegen måtte ta ein avstikkar bort til Borrevannet for å høre på nattergalen som song så vakkert.
Vi delte interessa for å finne blomstrar i fjellet og var begge like fortrylla over å sjå fjellvalmue ved Tovatna. Interessa for litteratur delte vi også, og det er vel typisk for Regine da vi hadde hatt ei kort sms-utveksling om Elina Ferrantes bøker sist vinter, og eg fortalde at det på biblioteket var lang venteliste på den siste av bøkene frå Napoli – da kom nett denne boka som julegåve i posten.
Vi hadde mange fruktbare samtalar, som stundom betre kunne klassifiseras som diskusjonar. I seine kveldstimar på terrassen i Horten peika Regine på at eg burde senke høgda på hagtornhekken slik at det vart mulig å nyte utsikta over fjorden. Eg hørte ikkje på det øyret den gongen, men nå har eg senka hekkhøgda. Ein annan gong diskuterte vi kva som var kjennemerket på ny og ne måne. Kven som hadde rett, skal eg ikkje røpe her, men kan seie så mye som at eg tok ikkje feil i dette tilfellet.
Den siste tida vart det langt mellom sms-ane frå Regine. Eg var lenge ikkje klar over kor sjuk ho var, men ante uråd da ho sendte melding frå sjukehus i Trondheim. Den siste helsinga frå henne kom 15.april, ei påskehelsing til Rolf og meg. Omtanke for andre heilt til det siste.
Det er så mye eg skulle ha sagt til Regine, men nå er det for seint. Eg tenker på familien som sit att med eit stort sakn og vil gjerne få uttrykke at eg kjenner med dykk!
Frå Randi
Vis mer
Vis mindre